Julaftan har me to gudstenester å velja mellom. Begge er julegudstenester for små og store.
Kl. 15.00 kjem Arne Musikforening og er med oss. Så denne gudstenesta vert prega av korpsmusikk frå preliudiet startar til siste akkord av postludiet døyr ut.
Kl. 16.15 har me med oss Non Stop Singing. Det er jo òg fast tradisjon, og me gleder oss til å høyra dei igjen.
Juledag (den første, om nokon skulle vera i tvil) kl. 12.00 (merk tida) er det høgtidsgudsteneste. Preiketeksten er, som vanleg for denne dagen, henta frå Johannes 1,1-14. Me skal òg feira nattverd saman.
Jula er ei tid for familien, og for å gjera mange ting som me har gjort i alle år, helst på same måten som me alltid har gjort. Men la han som jula skal feira, få plass i di feiring, ja, sjølvsagt helst vera midtpunktet i feiringa, men her er jo konkurransen sterk. Velkomen til kyrkje!